ELU/LIFE | RAAMATUD/BOOKS | ARVAMUSED/OPINIONS | KIRJANDUS/LITERATURE
|FILOSOOFIA/PHILOSOPHY | TÕLKED/TRANSLATIONS | UUT/NEW| ALGUSSE / MAIN

 

Same hav i oss alle

---

Det finst inga trøyst.
Om ballblomen får
sin del av sørgjaren
frå sjåaren til det sedde
er det eit steg som ingen tek.
Det som i sjåaren tørstar etter å sjå,
finn inga kvile
i graset og kronblada, inga lindring
for pina, krøkjande seg oppetter treet, ned langs tråden.
Det er på andre sida. Det er i motsett lei.
I røynda framfor spegelen. Stakkars skuggsjå
får ikkje plass i si flate verd
og i det kvervande lyset kverv den også,
idet speglaren vender seg bort er den ikkje meir.
Menneskelivet sitt falske framhald
i namnet, falsk vedvaring i det skapte,
falsk forbanning i den verdslege gravferda,
eit blendverk arbeidet som blir att og barna som
dreg linja vidare, falsk og skrøpeleg
er all frelse skapt av spegelbildet
mens dagen glader. Eingong
mørknar sølvet og glaset brotnar,
men røynda pressar andletet mot vinduet.
Dirrande rum i tistlane,
i myggen og dompapene og alt.
Ein liten gud med flatklemd nos
mot den flate verda vår. To klare
auger har guden, men alt
blir forandra til skrift, hieroglyfar for oss,
og nådens augneblink flyktar
i vårt dumme strev etter tydning og namn
på det som lyset utnemnde oss til spegelbilde for.

---

Grensa mellom Aust og Vest flyttar seg stadig,
snart mot aust, snart mot vest
og vi veit knapt kvar ho går nett no,
i Gaugamela, over Ural eller beint gjennom oss,
slik at eine øyret, eine auget, halve nasen, ei hand og ein fot,
eine lunga, og eine testikkelen (hos kvinna eine eggstokken)
står der på eine sida og resten på den andre. Bare hjartet,
bare hjartet er stadig på eine side,
på vestsida når vi vender mot nord,
på austsida når vi vender oss mot sør,
og munnen veit ikkje kva side
han bør tale for.

gjendiktet av Turid Farbregd