MAIN | LIFE | BOOKS | OPINIONS | PHILOSOPHY | TRANSLATIONS | NEW
 
Grensa mellom Aust og Vest flyttar seg stadig, 
snart mot aust, snart mot vest 
og vi veit knapt kvar ho går nett no, 
i Gaugamela, over Ural eller beint gjennom oss, 
slik at eine øyret, eine auget, halve nasen, ei hand og ein fot, 
eine lunga, og eine testikkelen (hos kvinna eine eggstokken) 
står der på eine sida og resten på den andre. Bare hjartet, 
bare hjartet er stadig på ei side, 
på vestsida når vi vender mot nord, 
å austsida når vi vender oss mot sør, 
og munnen veit ikkje kva side 
han bør tale for.